
Matilda & Martin
08.05.2027
Leikanger Kyrkje
Leitevegen 2 · 6863 Leikanger
Leikanger Fjordhotell
Strandavegen 1 · 6863 Leikanger
Informasjon om dagen
Vielsen skjer i Leikanger Kyrkje, deretter fortset me festen på Leikanger Fjordhotell. Ved ankomst på hotellet blir det velkomstdrink. Deretter blir det servert trerettars middag med drikke til maten. Etter maten opnar baren, der ein kan kjøpe det ein ønsker å drikke utover kvelden.


RSVP
Svar uavhengig om de kjem eller ikkje.
Svarfrist 01.01.27


Overnatting
Me har halde av alle ledige rom på hotellet. Dei som ønsker å bestille overnatting kan ta kontakt med oss. Dette er eit begrensa antal, så dersom ein har andre overnattingsmoglegheiter ber me dykk om å nytte desse. Frist for rombestilling er 01.01.27.
Ungar
Ungar er velkomne til middagen. Ettersom det er alkoholservering, ønskjer me eit barnefritt arrangement på kvelden. Meir informasjon kjem når me veit dagsplanen. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål.
Talar
Dersom du ønskjer å tale, før deg gjerne opp i RSVP-skjemaet, slik at me får oversikt. Fint om ein held seg til ein kortare tale. Martin blir under ingen omstende fornerma dersom ein ikkje talar — Helsing Martin.
Gaver
Det viktigaste for oss er å få feira dagen med dykk. Me har allerede mange ting i huset vårt, så dersom de har lyst å gi oss ei gåve, ønskjer me oss aller helst eit bidrag til bryllupsreisa vår. Me lovar å bruke det på gode opplevingar, god mat og kanskje ein øl eller to.

Martin
+47 907 10 433
Matilda
+47 467 88 438